Kort om stillinga
Kvernhusmyrane bufellesskap søkjer to engasjerte og motiverte medarbeidar i 100 % faste stillingar!
Bufellesskapet ligg sentralt i Knarvik og er heim for seks personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Bustaden er døgnbemanna, og vi arbeider for å gje tenester av høg kvalitet og ein best mogleg kvardag for kvar einskild bebuar.
Stillinga inneber arbeid kvar fjerde helg, med kortvakt fredag og langvakter på 12,5 timar laurdag og sundag.
Arbeidsoppgåver
- Direkte miljøarbeid og bidra til at tenestemottakarane får ein trygg, meiningsfull og føreseieleg kvardag.
Gje individuell oppfølging og rettleiing i tråd med behov, mål og vedtak. Handtere og dokumentere legemiddel i samsvar med gjeldande rutinar og regelverk. Følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 og pasient- og brukarrettslova kapittel 4. Utføre praktiske gjeremål i bustaden Dokumentere tiltak, observasjonar og oppfølging i fagsystemet Profil. Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Bidra til eit godt omdømme gjennom respektfull kommunikasjon, god service og tenester av høg kvalitet til tenestemottakarane. Kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy Ønska kompetanse
- Kurs i legemiddelhandtering er ein føremon
Kjennskap til autisme og teikn til tale er ønskjeleg Relevant erfaring med åtferd som utfordrar Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid Erfaring frå arbeid med den aktuelle brukargruppa er ønskjeleg Kven er du?
- Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
Du er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit, og tek kloke avgjerder under press Du har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging Du kan reflektera etisk og fagleg over komplekse problemstillingar Du er fleksibel og løysingsorientert Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med interessante faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk:
Helsefagarbeidar: kr. 475 300 - 551 100
God pensjonsordning i KLP Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved oppstart.