I dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i
framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere
utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid.
Her får du jobbe i eit godt fagmiljø saman med engasjerte og hyggelege kollegaer. Sambandet blir drifta av eit moderne fartøy frå 2019, som har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Fartøyet har gode fasilitetar om bord og tilbyr ein arbeidshverdag i vakre omgjevander.
Vi vurderer kandidatar fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter.
Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at
tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og
bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av
brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek
er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og
handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og
eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.
Vi tilbyr
KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no
ArbeidsstedKvalvågnesvegen 681
5956 Hundvin
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5170191413
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.10.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Alver