Knarvik ungdomsskule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.
Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.
Knarvik ungdomsskule ligg sentralt plassert i Knarvik sentrum. Skulen har om lag 400 elevar og 50 tilsette, og er den største ungdomsskulen i kommunen.
Skulen er ein MOT-skule
Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.
For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.
For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.
Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.
Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Alver