
Alver kommune · Alver
Om stillinga Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar til 100 % fast stilling i langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. Dette er ei spanande st...
Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar til 100 % fast stilling i langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. Dette er ei spanande stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din og vere med på å utvikle gode, målretta og trygge tenester.
Stillinga er i hovudsak knytt til éin tenestemottakar, og me ser etter deg som har kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Du vil få ein viktig rolle i å skape føreseielege rammer, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Sjukepleiarar kan òg bli vurderte og oppstart er etter avtale.
Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger og er heim for ni personar med ulike bistandsbehov. Hos oss er målet å gi tenester med høg fagleg kvalitet, tilpassa den einskilde, slik at bebuarane får ein trygg, aktiv og best mogleg kvardag.
Du blir del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø med vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Me legg vekt på samarbeid, fagutvikling og at medarbeidarane våre skal oppleve meistring og utvikling i jobben.
Arbeidsoppgåver
Me søkjer deg som er
Det er eit føremon om du har erfaring med autisme og åtferd som utfordrar. Det er viktig at du har god fysisk helse og trivst i ein aktiv arbeidskvardag.
Me tilbyr
løn: 554 400 - 648 900 etter din lønsansiennitet
Om stillinga Me er på jakt etter vernepleiar eller sjukepleiar som vil bli ein viktig del av arbeidsmiljøet me har i Hannesvegen bustader. Hos oss vil du ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga. Du trivst med å arbeida strukturert og variert, og du er løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og motiverast av å oppnå resultat gjennom samarbeid med andre. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass! Dersom du syns dette høyrast spanande ut, og vil vere med i teamet som driv denne tenesta, vil me gjerne høyre frå deg. Oppstart er etter avtale. Om oss Hannesvegen bustader ligg sentralt på Manger, og er heimen til 3 tenestebrukere med ulikt funksjonsnivå og hjelpebehov, og er i tillegg base for personalet i eininga. Målet er å gje tenester av god kvaltiet for å sikre ein best mogeleg kvardag for den einskilde. Arbeidsmiljøet er prega av sterkt engasjement for tenestebrukarane, og dyktige medarbeidarar som har omsorg for både tenestebrukarane og kvarandre. Hjå oss arbeider det miljøterapeutar, hjelpepleiar/helsefagarbeidarar, vernepleiestudent og assistentar. Arbeidsoppgåver • Primærkontaktansvar, koordinering og oppfølging av tenestemottakarar • Oppfølging av vedtak etter kapittel 9, dokumentasjon og evaluering • Medisinsk-fagleg ansvar, observasjon og legemiddelhandtering • Samarbeid med lege, spesialisthelseteneste og pårørande • Praktisk bistand og målretta miljøarbeid som skapar tryggleik og struktur • Utarbeiding, implementering og evaluering av tiltaksplanar • Fagutvikling, systemarbeid og rettleiing av kollegaer Dette er ein rolle der du får bruke heile verktøykassa di - og der du blir ein viktig del av eit større lag! Krav til stillinga • Autorisert vernepleiar vil bli prioritert. Autoriserte sjukepleiar kan også søkje. • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tilsvarande minimum nivå B2. • Førarkort kl.B • Grunnleggjande IKT-ferdigheiter. • Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Ønskeleg kompetanse Det er eit føremon om du har: • Erfaring med Kap. 9 • Erfaring frå tilsvarande arbeid Kven er du? • Du har engasjement for faget og brukargruppa • Du er ein tydeleg og trygg omsorgsperson, som er aktiv og kreativ når det gjeldt å motivere, men roleg og tålmodig når situasjonen krev det • Du er interessert i å «gjere ein forskjell» når du er på jobb, og du er opptatt av refleksjon kring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningsliner • Du har gode samarbeidsevner, men kan også arbeide sjølvstendig og gjere prioriteringar. • Du er ein god kollega som kan bidra til godt arbeidsmiljø Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på. Me tilbyr • Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag med eit humørfylt og inkluderande arbeidsmiljø der me tar deg godt imot! • 50 000 i rekrutteringstilskot mot signert bindingsavtale i 2 år for eksterne søkjarar • Løn i samsvar med dokumentert ansiennitet: 522 600 - 614 400 • 9000 over tariff for vernepleiarar og 10 000 over tariff for sjukepleiarar • Gratis parkering • Årsturnus med hovudvekt av langvakter og arbeid 4.kvar helg • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
100% fast stilling i turnus ledig frå snarast Arbeidsstad Tilrettelagte tenester f.t Søfteland bufellesskap Søfteland bufellesskap er det nye bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Vi søkjer fagleg, engasjert og varm vernepleiar til 100 % fast stilling i turnus (ordinære dag- og kveldsvakter, samt langvakter på helg; m/arbeid kvar 4. helg). Stillinga inngår i ressursbemanninga i eininga; Tilrettelagte tenester. Dette betyr at din kompetanse kan bli brukt mellom dei ulike bufellesskapa. Om arbeidsstaden Tilrettelagte tenester gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene, for vaksne, omfatter ni bufellesskap og to dagsenter. Søfteland bufellesskap ligg i eit etablert bustadområde på Søfteland, ca.10 minutt frå Os sentrum. Her bur seks unge, vaksne, tenestemottakarar med varierande og samansette funksjonsnedsettingar. Vi er i ein spennande oppstartsfase og ønskjer nye kollegaer som vil vere med å forma og vidareutvikla ein trygg og fagleg sterk arbeidsplass. Arbeidsoppgåver • Yta eit heilskapleg, fagleg og personsentrert omsorgstilbod med fokus på livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging • Sikra bistand i daglege gjeremål og sosiale aktivitetar, inkludert følgje til dagsenter • Ansvar for medisinhandtering • Bidra til ei trygg og føreseieleg ramme for kvar tenestemottakar gjennom støtte, omsorg og struktur • Samarbeid med pårørande, verge, fastlege, spesialisthelsetenesta m.m., samt delta i samarbeidsmøter • Observasjon og dokumentasjon i EPJ • Utføre målretta miljøarbeid og oppfølging av tiltak • Ha primær- eller sekundærkontaktansvar. Kvalifikasjonar • Utdanning som vernepleiar men sjukepleiarutdanning vil også bli vurdert • Erfaring frå målretta miljøarbeid er ønskjeleg. Erfaring frå psykisk helsearbeid kan òg vere relevant • Bevisst på eigne haldningar, og jobbar i tråd med verdiane respekt, lojalitet og etikk • Fagleg engasjert og nysgjerrig på kartlegging og utvikling av tenestene • Gode samarbeidsevner, men òg trygg på sjølvstendig arbeid • Strukturert, løysingsorientert og kvalitetsbevisst • Førarkort klasse B Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Vi tilbyr • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø, og med høg kompetanse og fokus på meistring og utvikling for bebuarane. • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring • Løn etter gjeldande avtalar. For vernepleiarar og sjukepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell. • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn Vi vil kalla inn til intervju fortløpande og etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre. Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda. Arbeidsoppgåver- Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak - Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar - Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler - Ta ansvar for planer, tiltak og IP - Dokumentere i journalsystem - Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansarKvalifikasjonar- Offentleg godkjent vernepleiar/sjukepleiar - Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk - Serviceinnstilt og fleksibel - Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar - Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg - Bidra til at eininga når sine målsettingar - Førarkort klasse BPersonlege eigenskapar- Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø - Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar - Fleksibel og løysningsorientert - Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert - Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv - Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoralVi tilbyr - Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer - Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver - God opplæring - Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling - Gode kommunale arbeidsvilkår - Løn etter avtale - Gode pensjonsordningar i KLP - Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad! Andre opplysningar: - Stillinga inneber arbeid i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4.helg. Om du ynskjer ekstra helger i årsturnus vert dette kompansert med 1500,- pr. vakt. - Bilkøyring på tilrettelagt arbeidsplass og køyring av tenestemottakar til aktivitetar er ein del av arbeidsoppgåvene. - Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. - Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak. Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. KontaktinformasjonMay Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 97109001, may.anette.brattesta.sollie@tokke.kommune.no ArbeidsstadIvirovegen 13 3880 Dalen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 5119006359 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026