
Årdal kommune Pleie og omsorg · årdal
Vil du bidra til at eldre kan bu lenger heime? Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode samtala...
Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode samtalar og gjere kvardagen litt enklare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter.
Me har no ledig to faste stillingar, ei 80 % fast stilling og ei 100% fast stilling. Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du vert ein del av kvardagen til menneske som set stor pris på både hjelpa og samværet du bidreg med.
Som heimehjelpar møter du menneske i ulike livssituasjonar og får moglegheita til å gjere ein positiv forskjell kvar einaste dag. Arbeidet er variert og gjev rom for både sjølvstendig ansvar og samarbeid med gode kollegaer.
Arbeidsdagen vil vere på dagtid og kan gå føre seg både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Ingen dagar er heilt like, og mange av dei du møter vil sjå fram til besøket ditt som eit høgdepunkt i dagen. Det vil også vere praktiske oppgåver på sjukeheimen i arbeidskvardagen.
Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du likar at arbeidsdagane varierer, tek ansvar for eigne oppgåver og samarbeider godt med kollegaer når det trengst.
Det er viktig at du er omgjengeleg, raus og respektfull i møte med andre menneske. Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg, slik at du kan skape gode relasjonar og bidra til tryggleik for brukarane våre.
For denne stillinga er det ikkje krav om formell utdanning. Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, motivasjon og eignaheit for arbeidet.
Dersom du har erfaring frå omsorgsarbeid eller arbeid med menneske, er det ein fordel, men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har lyst til å bidra og møte folk med respekt, omsorg og eit smil.
Det er krav om førarkort til bil.
I Årdal kommune blir du del av eit arbeidsmiljø der me tek vare på kvarandre og spelar kvarandre gode. Du får god opplæring og støtte frå erfarne kollegaer, slik at du kjenner deg trygg i rolla.
Me kan tilby ein arbeidsplass med fokus på trivsel og utvikling, meiningsfulle arbeidsoppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø. Du får trygge og føreseielege rammer, gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande hovudtariffavtale. Som tilsett vil du også få tilgang til bedriftshytte på Skeikampen.
Dersom du ynskjer ein jobb der du får bruke både hjartet og evna til å hjelpe andre, håpar me å høyre frå deg. Som heimehjelpar er du med på å skape gode dagar for menneske i kommunen vår – og det er eit arbeid som verkeleg betyr noko.
Link til søknadsskjema: Søk her
Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Vil du vere med og bidra til at innbyggjarane i Solund kan bu trygt og godt i eigen heim? Som heimehjelp får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du hjelper menneske i ulike livssituasjonar med praktiske oppgåver som gjer kvardagen enklare. Du blir ein viktig del av helse- og omsorgstenesta og bidreg til meistring, trivsel og livskvalitet for brukarane våre. Arbeidsstad Stillinga omfattar arbeid i heile Solund kommune, hovudsakleg i brukarane sine heimar, med noko arbeid ved Solund helsetun. Arbeidsoppgåver • Reinhald av bustad i samsvar med vedtak og behov • Skifte av sengetøy • Klesvask og enkel handtering av klede • Enkle praktiske gjeremål i heimen • Førefallande reinhald ved Solund helsetun • Bidra til eit trygt, triveleg og hygienisk bumiljø • Samarbeide med brukarar, pårørande og andre tenester ved behov • Følgje gjeldande rutinar, lover og forskrifter • Ivareta brukarane si verdigheit, integritet og sjølvbestemming • Bidra til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Vi ønskjer at du: • Har erfaring frå reinhald, omsorgsarbeid eller tilsvarande arbeid • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • Har førarkort klasse B Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • Er serviceinnstilt, omsorgsfull og imøtekommande • Arbeider sjølvstendig og tek ansvar • Er strukturert og påliteleg • Er fleksibel og løysingsorientert • Har gode samarbeidsevner • Møter menneske med respekt, varme og forståing Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Vi tilbyr • Ei meiningsfull og variert stilling der du gjer ein forskjell kvar dag • Stor grad av sjølvstende i arbeidet • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer • Løn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar Offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova blir det utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar som ber om unntak frå offentleggjering må grunngje dette. Dersom ønsket ikkje kan takast til følgje, vil søkjaren bli kontakta før søkjarlista blir offentleggjord og få høve til å trekkje søknaden. Velkomen som søkjar! Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ønskjer berre kontakt med søkjarar. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane? Vi ser etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Dine kommunikasjon/samarbeidsevner er gode. Som heimehjelp i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak. Vi søkjer akkurat deg som er: Omsorgsfull – raus – engasjert - lojal og har; Humor – livsglede - mot Kva får du hos oss? Som vår nye kollega vil du få 50 - 60% stilling. Anna stillingsprosent kan bli ledig ved eventuelle interne søkjarar. I heimetenesta vil du få arbeide med dyktige og løysingsorienterte medarbeidarar, og det er kort veg mellom leiing og dei tilsette. Årsturnus med 16 arbeidshelger (eventuelt fleire mot kompensasjon), årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. Du vil arbeide med praktisk bistand (heimehjelp) i kombinasjon med heimesjukepleie på helg/høgtid. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Du har høve til å søke startlån utan krav til eigenkapital gjennom kommunen, samt ha tilgang til gratis parkering. Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste! Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen! Kven er så du? Det er ønskeleg med fagbrev innan reinhald eller at du har anna relevant fagbrev innan helse. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse. Har du erfaring frå arbeid innan heimeteneste, så er det er fordel. Du må ha førarkort. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre, samt bidra til eit godt arbeidsmiljø. Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdiar; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement. Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer. Om du kjennar deg igjen, bli med oss på laget! Vi tilbyr: • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån Kontakt: Ass einingsleiar Kate S. Løland 56 16 05 02 / 95 07 11 21 Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Søk her
Er du ein omsorgsfull og fagleg sterk helsefagarbeidar som ønskjer ein meiningsfull kvardag? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt i heimesjukepleien i Ullensvang kommune! Me søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar i 2 x 100 % fast stilling som vil vera med og sikre gode helsetenester for innbyggjarane våre. I heimesjukepleien får du ein variert og spanande arbeidskvardag, tett på menneske – der du verkeleg får bruka både faglege ferdigheiter og hjartevarme Heimesjukepleien er organisert under Heimebaserte tenester saman med heimehjelp og dagsenter for personar med kognitiv svikt. Vi er delt i 2 soner med kvar sin koordinerande fagleiar. I heimesjukepleien har vi brukarar i ulike aldersgrupper,og vi er opptatt av å tilby tenester av god kvalitet. Hovudoppgåver: • Utføra helsehjelp og personleg pleie i heimen til brukarane • Observera og dokumentera helsetilstand og behov • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper og pårørande • Bruka digitale verktøy og journalsystem i kvardagen • Rettleiing - og undervisningsansvar for elevar • Medansvar for forvaltning av ressursane • Medverke til kvalitetsutvikling, helse, miljø og tryggleik • Medverke til godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar: • Har autorisasjon som helsefagarbeidar • Du må legge fram gyldig politiattest • Førarkort klasse B • Gode norsk kunnskaper skriftleg og munnleg Personlege eigenskaper: • Fleksibel, strukturert og effektivt • Godt humør og positiv innstilling • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig • Evne til god kommunikasjon, vera reflektert og og kunna skape gode relasjonar med brukarar og pårørande • Evne til å prioritere og handtere i hektiske periodar og akutte situasjonar • Evne til å tenke nytt og være kreativ • Personlege eigenskaper vert vektlagt Vi tilbyr: • Turnusarbeid med ulike løysingar som langvakter eller ordinær turnus • Triveleg arbeidsmiljø med flotte kollegaer • Fadderordning for nytilsette • Sjølvstendig og variert arbeid • Internundervisning og fagleg påfyll • Auka stillingsprosent ved å ha auka antal helger i løpet av året • Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Lønsvilkår: • Etter HTA For nærmare opplysningar kan du kontakte avdelingsleiar Charlotte Torsvik tlf. 97558461, e-post: charlotte.torsvik@ullensvang.kommune.no Sletting av utdanningsgjeld/studielån: Ullensvang kommune er omfatta av ordninga. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld. Til orientering om Offentleglova: Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket. I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune: Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/ Link til søknadsskjema: Søk her