Ønskjer du ein spennande kvardag med nye utffordringar som skal løysast i samarbeid med fagleg dyktitige medarbeidarar? Heimesjukepleia i Aukra kommune vil ha fleire med i teamet
Aukra kommune er ein liten øykommune med 3700 innbyggjarar. Kommunen ligg omlag 25 minutt frå Molde. Kommunen består både av øy og fastland, og senteret ligg på øydelen. Det tek 10 minutt med ferge for å komme til fastlandet, og ferga er gratis. Aukra kommune har nye skolar, barnehagar og omsorgssenter. Aukra Omsorgssenter var ferdig i 2018, og bygget er nytt og tilrettelagt. Kommunen har nytt kulturhus frå 2022 der det er stor aktivitet. Kommunen har eit rikt kulturliv, og det er gode moglegheiter til aktiv fritid og friluftsliv.
Stillinga er plassert i heimesjukepleie. Arbeidskvardagen er variert med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med fokus på pasientsikkerheit. Institusjonstenesta og heimesjukepleie held til i Aukra Omsorgssenter, og saman driftar sjukepleiarane legevakt på ettermiddag, kveld og helg. Som tilsett sjukepleiar vil du vere med på den daglege drifta av legevakt. Vi har eit tett samarbeid med institusjonsteneste når det gjeld bruk av sjukepleiefagleg kompetanse, og vi arbeider på tvers av einingane ved behov.
Stillinga er plassert i turnus. Vi kan legge til rette for alternative turnusordninger med langvakt til den som måtte ønskje det, og så lenge drifta tillet det.
Kven søkjer vi
Vi søkjer deg som er autoriset sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å arbeide systematisk og sette deg inn i nye arbeidsmåter. For å møte dei demografiske utfordringane nyttar tenesta velferdsteknologi, og omstiller tenestene ved å ta i bruk løysingar som gjer tenestene meir funksjonell og robust for framtida.
Det er ein fordel om du har spesialkomeptane på eit område som til dømes velferdsteknologi, sårstell, palliasjon, diabetes, geriatri m.m. Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.
Andre kvalifikasjonar
Aukra kommune ligg i sone 5 og kjem inn under ny ordning med sletting av studielån med opptil kr. 25.000,- pr. år i 3 år, når ein er folkeregistrert og buusett i kommunen i minimum 12 månader.
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Om du har spørsmål knytt til stilling eller turnusordningar ta kontakt med einingsleiar Nina Tomren.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Aukra