Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, habilitering, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Lindevika buteneste er ei avdeling under habiliteringstenesta. Avdelinga yter praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Nokre tenester er knytte til bufellesskap med heildøgnsbemanning, medan ein stor del av tenesta blir gitt i heimar ulike stader i kommunen.
Vi har ledig vikariat som avdelingsleiar i Lindevika buteneste. Stillinga er ledig i perioden september 2026 til og med desember 2027, med mulighet for forlenging.
Som avdelingsleiar i Lindevika buteneste får du ansvar for dagleg drift, personal, turnus, økonomi og fagleg kvalitet. I eit tett samarbeid med avdelingsleiar for ambulerande tenester leier du ei avdeling med både døgnbemanna bustader og tenester til personar som bur i eigen heim. Stillinga inneber tett samarbeid med einingsleiar for habilitering, avdelingsleiar innan habilitering, fagansvarleg, medarbeidarar, tenestemottakarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Du får ei viktig rolle i å utvikle trygge, personsentrerte og framtidsretta tenester.
Vi tilbyr
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Austevoll