Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette, leia av kommunalsjef. Eininga omfattar pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergo- og fysioterapitenesta, miljøarbeidartenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.
Helse og velferd har som mål å tilby fagleg forsvarlege og individuelt tilpassa tenester, slik at kvar enkelt kan oppleve ein trygg, meiningsfull og innhaldsrik kvardag.
Miljøarbeidartenesta yter praktisk bistand, opplæring og helsetenester til personar med nedsett funksjonsevne. Tenesta er organisert i fleire tilbodsområde:
Visste du dette?
Bur du i Austevoll, kan du få sletta delar av studiegjelda di. Frå januar 2026 kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
Les meir om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell i kvardagen til andre?
Ved Lindevika buteneste blir du ein del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø som jobbar tett på menneske med nedsett funksjonsevne. Vi tilbyr samlokaliserte bustader med heildøgnsbemanning og ambulerande tenester, der målet er å skape trygge, meiningsfulle og gode dagar for dei som mottar tenester.
Vi har no ledig 80% nattevaktstilling.
I tillegg har vi ledige helgestillingar med varierande stillingsprosent, som eignar seg godt for studentar eller deg som ønsker fleksibilitet.
Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, der du både jobbar sjølvstendig og i tett samarbeid med dyktige kollegaer. Du vil vere med å legge til rette for meistring, utvikling og livskvalitet – og samtidig få høve til å utvikle deg fagleg.
Vi tilbyr årsturnus med gode moglegheiter for å påverke eigen arbeidstid, og fleksible løysingar med både langvakter og ordinære vakter.
Vi tilbyr
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Austevoll