Me søkjer no etter ein elektrikar som skal ha det faglege ansvaret knytt til elektrisk anlegg i Seashore Sjø (Oppdrett).
Hos oss vil du gå inn som fagansvarleg i eit teknisk team med to andre elektrikarar. Du vil ha kontorplass på Bømlo, men må serve våre lokalitetar. Desse ligg i området rundt Bømlo, Hardanger og ned til Tau i Rogaland.
Arbeidsoppgåver
vidareutvikle elektrofaget i selskapet etablere og forbetre rutinar og arbeidsprosessar sikre høg kvalitet og etterleving av gjeldande regelverk bidra til standardisering som gir tryggare og meir effektive arbeidsprosessar vere fagleg sparringspartnar for kollegaer og leiarar identifisere og gjennomføre forbetringstiltak innan kvalitet, sikkerheit og effektivitet bidra til utvikling av framtidsretta teknologiske løysingar Arbeidet vil i periodar krevje stor tilstadeværelse på selskapet sine sjølokalitetar.
Kvalifikasjonskrav
Må kunne godkjennast som fagleg ansvarleg etter FEK §7 Relevant bachelor-, master- eller fagskuleutdanning innan elektro, kombinert med relevant fagbrev Minimum tre års relevant praksis etter fullført utdanning God kunnskap om relevante forskrifter, normer og standardar innan elektrofaget Ønskte kvalifikasjonar
Erfaring med fagleg leiing, kvalitetssikring eller kontroll av elektroarbeid Erfaring med internkontrollsystem, vedlikehaldsstyring eller HMS-arbeid Erfaring med utarbeiding av rutinar, prosedyrar og teknisk dokumentasjon God digital kompetanse og erfaring med relevante fagsystem Erfaring med kontinuerleg forbetringsarbeid og standardisering Me trur du vil trivast hos oss dersom du
likar å skape struktur og gode system rundt deg har høge krav til kvalitet og fagleg standard trivst med å vere ein fagleg ressurs og støttespelar for kollegaene dine kommuniserer godt og skaper tillit i samarbeidet med andre ser moglegheiter for forbetring og tek initiativ når du finn dei Me tilbyr
Ei spanande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen Konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg Gode pensjons- og forsikringsordningar Firmahytter i Røldal, Voss og Spania