Bremnes Seashore styrkar eiga serviceteam med ein ny båt som har planlagt levering januar/februar 2027. Vi søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst styrmann til nyoppretta stilling om bord på MS Laila. Styrmann er ein viktig ressurs i den daglege drifta og skal bidra til trygg, effektiv og profesjonell gjennomføring av fartøyet sine oppdrag.
Som styrmann vil du vere skipsførar sin næraste medarbeidar og stedfortredar, med ansvar for navigasjon, operasjonell støtte og oppfølging av fartøyet sine rutinar og sikkerheitssystem.
Viktigaste ansvarsområde:
Som styrmann vil du:
Vere skipsførar sin stedfortredar ved behov Utføre navigasjon og medverke til trygg drift av fartøyet Bistå skipsførar i planlegging og gjennomføring av operasjonar Leie og koordinere dekksarbeid ved behov Følgje opp vedlikehald av sikkerheitsutstyr og tilhøyrande dokumentasjon Utføre oppgåver som maskinpassar Sikre etterleving av prosedyrar, sjekklister og rapporteringsrutinar Bidra til at drift og operasjonar vert gjennomførte i samsvar med gjeldande regelverk, HMS-krav og interne rutinar Ønska kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som har:
Relevant erfaring frå maritime operasjonar er ein fordel Vi legg vekt på at du har:
God forståing for navigasjonssystem og sikkerheitssystem Evne til å arbeide strukturert og systematisk Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å leie og koordinere operasjonar ute på dekk God operasjonell forståing og evne til å handtere utfordringar på ein trygg og effektiv måte Vi ser etter ein person som:
Er ansvarsbevisst og påliteleg Har høgt fokus på tryggleik, kvalitet og HMS Tek initiativ og arbeider sjølvstendig Er løysingsorientert og fleksibel Bidreg positivt til arbeidsmiljøet om bord Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Me tilbyr
Ei spanande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen Konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg Gode pensjons- og forsikringsordningar Firmahytter i Røldal, Voss og Spania Skiftordning: 2/2 rotasjon (14 dager på og 14 dager av)