UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig to midlertidige 40% stillingar som arkivmedarbeidar (stillingskode 1065 konsulent) i 9 månader, med moglegheit for forlenging, ved faggruppa Kulturhistoriske samlingar og arkiv, Seksjon for Spesialsamlingar. Stillingane skal gå inn i prosjektet «Palestina i Bergen» og vil primært være retta mot arkivutvikling og nettverksarbeid.
Seksjon for spesialsamlingar har ansvar for strategisk utvikling, forvalting og tilgjengeleggjering av UB sine kulturhistoriske samlingar og arkiv. Vidare skal seksjonen leggje til rette for at samlingar og arkiv vert brukte aktivt i forsking og undervisning. Formidling av UB sine samlingar og arkiv i samarbeid med UiB sine fagmiljø og eksterne kulturinstitusjonar er også ei kjerneoppgåve. Seksjonen skal sikre samlingane og arkivmaterialet og sørgje for at dei vert handsama i tråd med gjeldande lover, standardar og faglege prinsipp. Dette omfattar også konserveringstenester, utvikling og drift av depotfunksjonar samt arealutvikling. Seksjon for spesialsamlingar består av to grupper: Skeivt arkiv og Kulturhistoriske samlingar og arkiv.
Gruppa for kulturhistoriske samlingar og arkiv samlar inn, og tek vare på kultur-, fag- og språkhistoriske kjelder som er relevante for forsking, undervisning og formidling ved UiB. Materialet omfattar både skriftlege og audiovisuelle kjelder, samt munnlege forteljingar. Ei sentral oppgåve i gruppa er tilgjengeleggjering og kunnskapsbasert formidling av samlingane.
Arbeidsoppgåver:
Ved vurdering av søkjarane vil personlege eigenskapar verte vektlagde.
Vi tilbyr:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge, telefon +47 55 58 25 72, e-post: bjorn.bagge@uib.no eller rådgjevar Olaf Knarvik, telefon + +47 55 58 25 20, e-post: Olaf.Knarvik@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.