Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.
Tolletaten søkjer seksjonssjef til ein nyoppretta seksjon for forretningsutvikling i Vareførselsdivisjonen (VD). Seksjonen er organisert under ei nyoppretta avdeling for vareførselsutvikling. Vareførselsdivisjonen har nasjonalt ansvar for den registrerte vareførselen, og hovudkontor i Bergen.
Vi søkjer ein handlekraftig og utviklingsorientert leiar som blir motivert av å få ei sentral rolle i arbeidet med den kontinuerlege vidareutvikling av ein viktig samfunnsfunksjon. Som leiar av seksjonen vil du få eit særleg ansvar for å formidle vurderingar og behov både frå fagsida og eksterne interessentar som grunnlag for juridiske regelverksutvikling og utviklinga av etatens digitale løysingar.
Seksjon bidrar med ressursar både for å ivareta forretningsutvikling i store etatsomfattande program og prosjekt, som til dømes «Digitoll» og «Fremtidens Tollbehandling» og med prosjektleiing og prosesstøtte til interne einingar og divisjonen sine eigne utviklingsinitiativ. Seksjonen har p.t. 12 stillingar og tilsette med høg kompetanse og variert fagbakgrunn.
Seksjonen er lokalisert i Bergen. Du må rekne med at det blir noko reising.
Sentrale arbeidsoppgåver:
Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie seksjonen både administrativt og fagleg.
Kvalifikasjonar:
Det er ønskjeleg med erfaring frå følgjande:
Vi søkjer deg som:
Vi tilbyr:
Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før eventuell tilsetjing, jf. vareførselslova § 1-4. Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG/NATO SECRET
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Kim Sperstad på 944 35 688. Om du har spørsmål knytt til rekrutteringa kan HR kontaktast på e-post: PB_VD-HR@toll.no
Til deg som søkjer jobb i Tolletaten
Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald gjer oss betre! For å løyse samfunnsoppdraget vårt treng vi medarbeidarar med ulike erfaringar og perspektiv. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar til å søkje – særleg deg med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en. Ved å krysse av for dette i søknaden kan du ha rett på positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.
Ver merksam på at namnet ditt kan bli offentleggjort på ei offentleg søkjeliste, i tråd med gjeldande regelverk. Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen