UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som postdoktor i ver- og klimafysikk, og representasjon av desse gjennom maskinlæring. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og knytt til prosjektet «Reaching AI Projections Trustworthy for Unseen Rainfall Extremes (RAPTURE)», finansiert av eit Starting Grant frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).
Korleis kan me simulera eigenskapar og farar ved ekstrem nedbør under tilhøve me aldri har observert, på ein truverdig måte? RAPTURE er eit femårsprosjekt som fokuserer på dette spørsmålet, som ligg i kjernen av forståinga av flaumkatastrofar i ei stadig varmare og våtare verd. RAPTURE samlar høgoppløyselege fysiske simuleringar, maskinlæringsbaserte klimaemulatorar og nye perspektiv på dynamikken i ver og klima for å forstå i) kva noverande simuleringar av ekstrem nedbør allereie fangar opp påliteleg, ii) kvar dei treng å betrast, og iii) korleis dei kan betrast. Å arbeida som del av RAPTURE vil gi kompetanse innan dynamisk meteorologi, maskinlæring for jordsystemet og klimarisikoforsking, med høve til å delta i europeisk forskingssamarbeid.
Den som vert tilsett vil vere ein sentral del av RAPTURE, der vedkomande skal trene opp og vidareutvikle banebrytande maskinlæringsemulatorar og nytte nye diagnostiske verktøy for å forstå kor godt desse emulatorane fungerer, sett frå eit fysisk og vêrfagleg perspektiv. Vedkomande skal søkje svar på sentrale, opne forskingsspørsmål, mellom anna kva datakjelder som gjev dei mest pålitelege klimaframskrivingane, om enkelte vêrfenomen er meir krevjande å modellere med maskinlæring enn andre, og om det er mogleg å utvikle emulatorar som kan takast i bruk i område av verda med sparsamt datagrunnlag. Den som vert tilsett vil ha høve til å påverke korleis desse problemstillingane blir handterte, og det blir venta at vedkomande set sitt eige preg på arbeidet sitt.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
(Merknad: Generativ KI vil ikkje bli nytta til å vurdera søknadane, og det forventast at søknadsbrevet likeins er utarbeidd utan bruk av generativ KI.)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Joshua Oldham-Dorrington, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen, joshua.dorrington@uib.no, eller instituttleder Tor Eldevik, Geofysisk institutt Tor.Eldevik@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, e-post: magnus.larsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, økonomisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen