Bybanen er ryggrada i kollektivsystemet i Bergen og ei sentral drivkraft i utviklinga av byen. No søkjer vi ein erfaren prosjektleiar som vil vere med på å realisere byggetrinn 5, Bybanen til Åsane, og andre spennande oppgåver i Bybanen Utbygging.
Stillinga ligg til seksjonen Bybanen Utbygging, som er ein del av avdelinga Eigedom og utbygging i Vestland fylkeskommune. Dette er stillinga for deg som trivst med å arbeide med komplekse løysingar i eit høgkompetent fagmiljø, og bidra til å sette varige spor i Bergen. Arbeidsstad er Vestlandshuset, eit topp moderne kontorlokale midt i Bergen sentrum.
Som prosjektleiar får du ei særs viktig rolle i prosjektet, med eit heilskapleg ansvar for planlegging og gjennomføring av bybanetunnelen i sentrum. Du vil ha ansvar for førebuing og gjennomføring av innkjøp, kontraktsforhandlingar med entreprenørar, oppfølging av byggjefasen og overlevering til eigar. Dette er ei sentral nøkkelrolle i Bybanen Utbygging, med tett samarbeid med prosjektleiinga og prosjektet si øvste leiing. Vi ser òg for oss at du bidreg aktivt i det strategiske utviklingsarbeidet i prosjektet og spelar ei viktig rolle i den samla prosjektleiinga.
Vi ser etter deg som har lang erfaring frå store komplekse prosjekt, og som forstår kva som skal til for å fylle prosjektleiarrolla frå planlegging til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har:
Vi ser etter deg som har lang erfaring frå store komplekse prosjekt, og som forstår kva som skal til for å fylle prosjektleiarrolla frå planlegging til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har:
Du får ein sentral rolle i eit av dei mest spennande samferdselsprosjekta i Bergen, på Vestlandet og Norge. Bidraget ditt er med å utvikle Bergen, samtidig som du blir del av eit sterkt prosjektmiljø i Vestland fylkeskommune. Vi tilbyr mellom anna:
KontaktinformasjonArve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5178917151
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen