Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då kan stilling ved tannklinikken på Haukeland vere noko for deg!
Klinikken er ein del av TkVestland, eitt av fem regionale kompetansesentre i Norge. Vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Vi har eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse innan alle odontologiske disiplinar.
Ved klinikken på Haukeland vil du jobbe tett i tverrfaglege team saman med spesialistar og erfarne kollegaer. Pasientane våre er i hovudsak tilviste frå offentlege og private tannklinikkar, og behandlingstilbodet omfattar både utgreiing og avansert behandling. Vi har òg eit sterkt fokus på praksisnær fagutvikling og kunnskapsdeling.
TkVestland har moderne fasilitetar i Årstadvegen og ved Haukeland sjukehus. Vi er omlag 45 tilsette.
Haukeland tannklinikk er Vestland fylkeskommune si tannklinikk ved kjevekirurgisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Vi behandlar pasientar med samansette og krevjande behov, og søkjer no ein spesialist i oral protetikk til eit engasjert og tverrfagleg fagmiljø.
Som protetikar vil du arbeide med rehabilitering av pasientar etter kreftsjukdom, store traume og behandling av pasientar med leppe-kjeve-ganespalte. Pasientane våre har ofte samansette behov og er sjuke eller immobile.
Du arbeider tett saman med andre spesialistar og sjukepleiarar i oral kirurgi og oral medisin om felles vurderingar etter tilvising, og du deltek i tverrfaglege team der fleire kollegaer samarbeider om den beste behandlinga for kvar enkelt pasient.
Timeboka er variert og kan endre seg gjennom dagen, noko som gjer at du må evne å handtere det uforutsette med fagleg tryggleik.
Som protetikar hos oss vil du også delta i utadretta verksemd, kompetanseheving og eventuelle andre oppgåver som er i tråd med samfunnsoppdraget til kompetansesenteret.
Kvalifikasjonar
Du er ein spesialist som set pasienten i sentrum og som trivst med å jobbe tett på menneske med samansette og krevjande behov.
Stillingsprosenten kan justerast ved særleg godt kvalifisert kandidat.
Vi tilbyr
KontaktinformasjonMarita Bjørkelund, Fung. klinikkleiar, 97592838, Marita.Bjorkelund@vlfk.no
ArbeidsstadÅrstadveien 19
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5151580953
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen