Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ved Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei stilling som stipendiat i klimadataanalyse og maskinlæringsbasert emulering av hydrologiske modellar. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning), knytt til det strategiske prosjektet DYNAMIC-AI: Dynamics of Unprecedented and Compound Extremes using AI ved Bjerknessenteret.
Stipendiaten vil være del av Bjerknessenteret sitt strategiske prosjekt DYANMIC-AI. DYNAMIC-AI vil kombinere fysisk modellering, dynamikkforståing, maskinlæring og hydrologisk modellering inn i eit samla rammeverk for analyse av samansette ekstremhendingar og ekstremhendingar utan historisk sidestykke. Prosjektet vil analysere skogbrann, tørke, hetebølger, sterk vind, ekstremnedbør og flaum. Gjennom å knyte saman vitskapelege tilnærmingar og Bjerknesekspertise vil vi oppnå ein ny forståing som overgår den som kommer frå dei enkelte vitskapelege greinene.
Stipendiaten vil analysere ekstremnedbørshendingar på tvers av Europa i den nye generasjonen av CMIP6 CORDEX nedskaleringar av ensembleprognosar av klima, og utvikle ein hydrologisk modell med bruk av maskinlæring. Modellen skal etterlikne den hydrologiske responsen på ekstremnedbør. Modellen vil bli integrert i det fulle rammeverket i DYNAMIC-AI, som vil modellere forplantninga av usikkerheit frå atmosfæredynamikk ned til hydrologiske farar.
DYNAMIC-AI er eit tverrfagleg prosjekt, og eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, NORCE Research og Nansensenteret for miljø og fjernmåling. Stipendiaten vil arbeide i eit særdeles internasjonalt arbeidsmiljø som del av Bjerknessenteret for klimaforsking, samlokalisert med Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. Bjerknessenteret er det største klimaforskingssenteret i Norden og blant de største i Europa med rundt 300 forskarar frå 40 land.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi kan tilby
Søknaden skal innehalde:
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Førsteamanuensis Stefan Sobolowski, Geofysisk institutt, Universitet i Bergen
Sigrid Passano Hellan, NORCE Research
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, e-post: magnus.larsen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen