Vil du vere med å utvikle kollektivtilbodet i Vestland? I Skyss jobbar vi med å planlegge tilbodet vårt til dei reisande og å utnytte dei samla ressursane best mogleg. Samfunnsoppdraget vårt er å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. Ryggrada i mobilitetssystemet er kollektivtilbodet med buss, bybane, båt og ferje. Fleksible tenester som til dømes bestillingstransport, utfyller linjenettet og bidrar til å auke kvaliteten, tilgangen og effektiviteten i
mobilitetssystemet.
Vi treng fleire med på laget for å vidareutvikle rutetilbodet og nye mobilitetstenester i Vestland! Hos oss vil du inngå i eit mangfaldig fagmiljø. Oppgåvene våre er mellom anna å utarbeide langsiktige planar for tilbodet, å vere pådrivar for å sikre nødvendig kollektivinfrastruktur, og å legge til rette for overgangen til nullutsleppløysingar. Oppgåvene er varierte og har stor fagleg breidde. Vi søker deg som evnar å tenke heilskapleg, har god prosessforståing og ønsker å bidra til gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland. Vi treng no ein vikar for det neste året.
Du vil løyse oppgåvene i samarbeid med kollegaer og fleire fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt til andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andre samarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få god moglegheit til fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt.
Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde (til dømes transportplanlegging, samfunnsplanlegging, samfunnsøkonomi). For å meistre og trivast i jobben må du ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane.
I tillegg er det fint om du har
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. Arbeidsstaden din vil vere i Vestlandshuset i Bergen sentrum.
KontaktinformasjonGudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, gudrun.einbu@skyss.no
Maren Nordby Fremstad, konstituert faggruppeleiar tilbodsutvikling, 47679488, maren.nordby.fremstad@skyss.no
ArbeidsstadLars Hilles Gate 22
5020 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5151399666
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.08.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bergen