Vi har ledig eit vikariat som lønnskonsulent i 100% stilling frå snarast og fram til 30.06.2027, med mogelegheit for forlenging.
Lønnsavdelinga er for tida organisert saman med personalavdelinga, It, ogorganisasjonsutvikling som ein del av HR avdelinga.
Avdelinga sitt hovudansvar er å utbetala rett lønn til rett tid, krevja inn refusjonar og gjennomføra lovpålagd rapportering av arbeids- og lønnsdata til offentlege instansar og pensjonskasser.
Avdelinga har systemansvar for lønns- og HR systemet Visma Enterprise Plus HRM,reiserekningssystemet Expense, og kommunen sitt time-registreringssystem Visma Tid.
HR avdelinga har fokus på å bruka ressursar og kompetanse på tvers, mot prioriterte arbeid og prosjekt. Du blir ein del av eit godt fagleg fellesskap kor samarbeid og felles måloppnåing har fokus mellom avdelingane
Arbeidsstad:
Lønnsavdelinga
Vi ser etter deg som har ein sterk fagleg bakgrunn og ser mogelegheiter framfor utfordringar. Du blir med i jakta på smarte løysingar og har interesse for nye system og teknologi. Du er analytisk og sjølvgåande og oppteken av å levere rettidige tenester. Du er fleksibel, men nøyaktig, og tar i eit tak der det trengs. Du har arbeidserfaring frå fagfeltet.
Det blir lagt vekt på dine personlege eigenskapar.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bjørnafjorden