Vi treng badevakter til det offentlege symjetilbodet som har oppstart i veke 42. Vi treng deg som er over 16 år, er fleksibel, ryddig
og strukturert, og som ønskjer å arbeida som badevakt dei ulike dagane vi har
ope fram til påskeferien i 2027.
Har du ha lyst til å søkja, men kan ikkje arbeida på alle dei aktuelle dagane? Då søkjer du og skriv i søknaden og opplyser i søknaden kva
dagar og tider som passar for deg!
Arbeidsoppgåver
- Som badevakt skal ein leggje tilrette for ei god oppleving for til dei som nyttar seg av tilbodet.
Ein har ansvar for å leite fram og rydde på plass igjen leikar, reingjering rundt bassenget og i garderobane mm. Vi gir opplæring. Badeassistentane vil vera ekstrahjelpa til instruktøren for barnehagesymjinga og ved symjekurs fredag ettermiddagar. Her må ein rekne med å opphalda seg i bassenget saman med ungane. Kvalifikasjonar
- Alle badevakter/assistenter må kunne symje.
Vi krev at alle må ha oppdatert livredningskurs, noko alle vil få tilbod om før oppstart i arbeidet. Kurset er obilgatorisk. Personlege eigenskaper
- Personar som er fleksible, nøyaktige, pålitelege og serviceinnstilte.
Arbeidet som badevakt passar for ungdom og det er aktuelt å fordela arbeidet på fleire. Du må vera minst 16 år for å søkja både som badevakt og som badeassistent. Det vil alltid vera minst to personar tilstades, kor den eine er over 18 år. Det er viktig at du i søknaden opplyser om det er dagar eller periodar du ikkje kan arbeida. Erfaring frå liknande arbeid, fleksibilitet og nærleik til arbeidsstaden er ein fordel. Det vil bli lagt vekt på språknivå i tilsetjingsprosessen. Vi tilbyr
Arbeidstid:
Offentleg symjing laurdagar: frå ca kl 09.30 til ca 15.00 i perioden frå 17.10.2026 til påskeferie 2027. Barnehagesymjing måndagar: mellom ca kl 09.30 - 13.30 i perioden frå 12.10. 2026 til påskeferie 2027. Assistent symjekurs fredagar: Mellom ca. kl 15.00 - 20.00 i perioden mellom ca 16.10 til og med 11.12. 2026, og i perioden mellom ca. 08.01. til påskeferie 2026. Symjekurs går over 8 veker haust og 8 veker vår, nøyaktige datoar vert fastsett ved oppstart. Lønsvilkår, timeløn etter lokalt takst og tillegg for kveld og helg KontaktinformasjonAnnette O Nedrebø, Rådgiver kultur, +47 988 80 147
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Bjerkreim kommune
Referansenr.: 5163491300
Stillingsprosent: 10%
Engasjement
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 19.03.2027
Søknadsfrist: 14.09.2026