Drøymer du om ein jobb der du verkeleg kan utgjere ein forskjell kvar dag? Bremanger kommune, ved Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne – avdeling Hamretunet i Open omsorg indre – søker no ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar.
Hos oss blir du ein nøkkelperson i eit triveleg og kompetent team som skaper trygge, gode og meiningsfulle dagar for brukarar med nedsett funksjonsevne.
Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.
Her får du bruke fagkompetansen din aktivt, bidra til utvikling av tenestene, og vere med på å skape meistring og trivsel kvar dag.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi søkjer deg som er motiverte, fagleg engasjert og sjølvstendig – og som trivst med å arbeide tett på menneske. Du er til stades, engasjert og aktiv, og bruker faget ditt for å bidra til best mogleg kvardag for brukarane.
Serviceinnstilling, personleg eignaheit og evne til å bygge gode relasjonar til både brukarar og kollegaer er avgjerande. Du tør å ta ansvar, er løysingsorientert og bidrar til utvikling både fagleg og menneskeleg – kvar dag.
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
Granden 1
6723 Svelgen
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5167311377
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bremanger