Ved Svelgen omsorgssenter er det ledige helgastillingar, og vi søkjer deg som har interesse for pleie- og omsorgsfaget. Stillingane inneber fortrinnsvis arbeid annan kvar helg.
Svelgen omsorgssenter stod ferdig i 2016 og er eit moderne, lyst og tilrettelagt omsorgssenter. Her bur pasientane i trivelege omgjevnader, og medarbeidarane har ein arbeidsplass som legg til rette for både kvalitet og trivsel.
Arbeidskvardagen hos oss er variert og lærerik, og du får jobbe saman med erfarne og dyktige kollegaer. Senteret har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.
Dette er ei god moglegheit for deg som ønskjer erfaring, utvikling og eit meningsfylt helgearbeid.
Som helsefagarbeidar hos oss vil du få ei variert og meiningsfull rolle. Du vil mellom anna:
Vi ønskjer oss ein motivert, fagleg engasjert og sjølvstendig medarbeidar som trivst med menneske og ønskjer å bruke faget til det beste for pasientane våre.
Pasientane har ulike medisinske behov, og du må difor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar. Personleg eignaheit blir vektlagt.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
KontaktinformasjonHilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
ArbeidsstadGranden 1
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5168663482
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 04.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bremanger