Er du sjukepleiar som ønskjer å bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit for å skape tryggleik, trivsel og meistring i kvardagen til andre? Då håpar vi du vil bli med oss på Svelgen Omsorgssenter!
Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som medarbeidar får du ein nytenkjande og tilrettelagd arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og saman skaper gode opplevingar kvar dag.
Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. Sjukepleiarane våre deltek òg i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod som gir fagleg variasjon og utvikling.
Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid. Dette er ei stilling for deg som ønskjer stabilitet, fagleg utvikling og eit arbeidsmiljø som vil deg vel.
Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi ser etter ein sjukepleiar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar.
Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
KontaktinformasjonHilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310
ArbeidsstadGranden 1
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 5167319884
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Bremanger