I Aider Førde leverer vi alt frå rekneskap og lønn, til rådgjeving og teknologi, støtta av eit breitt nasjonalt kompetansemiljø.
Framover skal vi vidareutvikle vårt fagmiljø, kundeleveransar og måten vi jobbar på.
Vi skal tilsetje ein erfaren rekneskapsrådgjevar som vil vere med og setje retning saman med oss.
Dette er ei rolle for deg som er trygg i faget, trivst tett på kundane og som likar å dele kunnskap med andre.
Kva går rolla ut på?
Som senior rekneskapsrådgjevar hos oss vil du ha ei sentral fagleg rolle i leveransane våre. Du får ansvar for eigne kundar og
oppdrag, og blir ein viktig støttespelar for både kundar og kollegaer.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er fagleg trygg, sjølvstendig og som ønskjer å vere ein del av eit breitt kompetansehus i Førde med
ambisjonar for framtida.
Kvifor velje Aider Førde?
Hos oss blir du ein del av eit lokalt fagmiljø i Sunnfjord, med støtte frå eit stort og kompetent fellesskap i Aider som rommar
alt frå teknologar til HR-spesialister og jurister. Kontoret i Førde er i ei spennande utvikling, og du får moglegheit til å vere
med og påverke både fagleg retning og kvardagen lokalt.
Høyrest dette interessant ut?
Då håpar vi du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Søknader blir behandla fortløpande.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Førde