Kommunen søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar i vikariat til bustad i Øverbygda for bebuar med ulike hjelpebehov kor det er 1-1 bemanning.
Vikariatet gjeld frå medio august 2026 til medio august 2027, med moglegheiter for forlenging.
Stillinga inneber arbeid i turnus med langvakter og sovande nattevakter, og arbeid kvar 4. helg. Den som vert tilsett vil få moglegheiter til å ta ekstravakter.
Person med bachelorutdanning i vernepleie, sjukepleie, eventuelt anna relevant høgskule utdanning eller fagarbeidar. Studentar i relevante fag er også velkomen til å søkje.
Menn vert oppmoda om å søkje.
Det er ønskjeleg med røynsle frå liknande arbeid.
Personlege eigenskapar, samarbeidsevne og fleksibilitet vil verte vektlagd.
Fylgja og vegleia bebuar i daglege gjeremål.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.
Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å kontakta avdelingsleiar Ane Huus Edvardsen tlf: 40493971, eller einingsleiar Lillian K Vik tlf: 97466296
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Fitjar