Valderøy barneskule har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar for 5.–7. trinn. Som avdelingsleiar blir du ein del av skulen si leiargruppe, saman med rektor og dei andre avdelingsleiarane. Leiargruppa har i lag ansvar for skulen si pedagogiske utvikling. Stillinga inneber både leiing og undervisning. Du vil ha eit særleg ansvar for 5.–7. trinn, med personaloppfølging, pedagogisk utviklingsarbeid og administrative oppgåver. Du vil også vere ein viktig del av skulen sitt samla utviklingsarbeid. Vi ønskjer ein leiar som er tett på praksis og som ønskjer å vere ein aktiv del av kvardagen til både elevar og tilsette.
Valderøy barneskule
Valderøy barneskule er ein 1–7 skule med fire avdelingar fordelt på 1.-2. trinn, 3.-4. trinn, 5.-7.trinn og Basen som er ei forsterka avdeling. Skulen ligg nært skog, fjell og fjøre som gir god mulighet til ein utvida læringsarena. Skulen sin visjon er «Med hjarte for læring». Visjonen skal synleggjere vårt lærings- og menneskesyn. Vi har fokus på læring i eit vidt perspektiv som skal romme alle elevane våre. Oppvekstsektoren i Giske kommune har visjonen «Det var bra eg kom», med fokus på eleven si erfaring i møtet med barnehage og skule. Vi ønskjer å utvikle ein skule der alle elevar får høve til å oppleve meistring, utvikle seg og vere ein del av fellesskapet.
Kvalifikasjonar
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden og ved tilsetting må gyldig politiattest leggast fram.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonOddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
ArbeidsstadValderhaug 4
6050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5178028534
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Giske