Vigra barnehage har ledig 60 % engasjementstilling som barne- og ungdomsarbeidar / assistent. Tilsetjinga gjeld for barnehageåret 2026/2027, men kan bli forlengt.
Midt på vakre Roald, omringa av natur på alle kantar, ligg Vigra barnehage. Der skal både små og store kjenne at "i dag var det bra eg kom". Vi har 3 avdelingar i barnehagen, ei småbarnsavdeling og to storbarnsavdelingar. Her jobber vi målretta for å skape eit inkluderande, trygt og utviklande miljø for alle barn.
Giske kommune og Vigra barnehagen har dei siste åra jobba for å skape ein inkluderande praksis. Det betyr at vi jobbar for å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet hos barna, og gi alle ei reell moglegheit til å vere aktive deltakarar i både det faglege og sosiale fellesskapet. Framover kjem barnehagen til å ha fokus på eit "Trygt og godt barnehagemiljø". Det betyr at vi jobbar for at alle barn som går i barnehage får ein god barndom der trivsel, vennskap og leik er fundamentalt, og der barna er ein del av eit trygt fellesskap.
Vil du bli betre kjent med oss så sjekk oss gjerne ut på Facebook: https://www.facebook.com/vigra.barnehage
Menn blir oppmoda om å søkje.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
KontaktinformasjonSonja Roaldsand Skodje, einingsleiar, +47 41702315
ArbeidsstadRoald
6040 Vigra
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5165097487
Stillingsprosent: 60%
Engasjement
Søknadsfrist: 04.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Giske