Vi har ledig eit vikariat i 80-100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Godøy skule og SFO. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld fram til skuleslutt i juni 2027. Stillinga følgjer hovudsakleg skuleruta (arbeidsåret for eit heilt skuleår er 37,5 t/v i 39 veker med avkorta løn til 89 % i full stilling).
Godøy skule er ein 1 – 7 skule med 126 elevar. Rundt 50 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Trygt forankra strekk vi oss ut». Vi er opptekne av at vi skal bidra til å gjere elevane trygt forankra i seg sjølv, skulemiljøet og lokalmiljøet, og kunne vere ein aktiv medspelar som blir rekna med.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
KontaktinformasjonKristine P. Walderhaug, konst. rektor, +47 98606404
ArbeidsstadGøymyrane 122
6055 Godøya
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5175488646
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 18.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Giske