Ønskjer du å arbeide med sosiale tenester i NAV? NAV Hallingdal søkjer rettleiar i 100 prosent fast stilling.
Hallingdal har om lag 21 500 innbyggjarar og er Noregs største reiselivsregion. Regionen omfattar dei seks kommunane Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nesbyen og Ål. NAV Hallingdal har 35 tilsette, med hovudkontor på Gol. Kontoret møter brukarar og samarbeidspartnarar i alle seks kommunane.
NAV Hallingdal er organisert i to avdelingar: Arbeid og meistring og Arbeid og velferd. Denne stillinga er knytt til avdelinga Arbeid og velferd.
Arbeids- og ansvarsområdet kan bli endra i tråd med behova ved kontoret.
Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre. Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først). Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Gol