Open omsorg Høyanger er lokalisert i helse og sosialsenteret i Høyanger sentrum. Tenesta inneheld heimesjukepleie, heimehjelpstenester og dag- og aktivitetstilbod til brukarar. Tenesta har totalt om lag 250 brukarar og arbeidsområdet er Høyanger/Kyrkjebø/Nessane.
Vi har ledig 100% stilling som heimehjelp frå snarast. Arbeidstid dagtid men etter kvart nokre ettermiddagar og arbeid 3 eller fjerde kvar helg. Arbeid i helg er ved heimesjukepleien.
Stillinga inneber hjelp i heimen til heimebuande brukarar i området Høyanger/Kyrkjebø og Nessane.
Oppgåver som ligg til stillinga er husvask, handling, tilrettelegging for måltid og noko arbeid med stell i brukar sin heim/ omsorgsbustad.
Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
Dine kvalifikasjonar:
Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.
Kvifor søkje hos oss?
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Høyanger