På Vigrestad storskule er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar for ungdomstrinnet, og du startar 1.1.2027. Stillinga består av pedagogisk leiing, utviklingsarbeid, sosialpedagogisk støtte, administrasjon og noko undervisning.
Me er opptekne av å ha eit trygt og godt skulemiljø og gjera undervisning inkluderande. Som tydeleg og omsorgsfull leiar og klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule vidare.
Vigrestad storskule er ein skule med 5.-10. trinn. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa. Det er omlag 250 elevar og 40 tilsette ved skulen, der 105 av elevane og 20 av dei tilsette er på ungdomstrinnet.
Me kan lova deg ein skule med stort mangfald, mange dyktige og hyggelege kollegaer, god trivsel og eit godt profesjonsfellesskap. Som leiar får du mykje ansvar, stor påverknad på kva skule storskulen skal vera, mange spanande arbeidsoppgåver, personleg vekst, varierte dagar og masse humor.
Arbeidsoppgåver er blant anna:
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar:
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Hå