Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som ein nyttar heile året til utforsking, leik og læring.
Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.
Frå 12. oktober 2026 har Longva barnehage behov for barnehagelærar i fast 60 % stilling. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage)
Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet Planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanfor dei områda han/ho er sett til Kvalifikasjonar
For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Søkar må vidare:
Levere oppdatert politiattest Jobbe i tråd med barnehagelova Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller mellombels tilsett som barnehagelærar, må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar kunne dokumentere sine norskferdigheiter (jf. barnehageloven § 28). Søkjar skal legge resultat av språktest saman med søknad og CV. Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har evne til å:
Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring Jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa Motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet Bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som elles skjer på eigen arbeidsplass Vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping Vere bidragsytar i ein levande og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøte, planleggingsdagar og i oppfølging av kurs Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov Jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus Samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon Vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/ psykososialt miljø for både barn og vaksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagelova Sikre barna sin rett til medverknad og involvering Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
Løn etter gjeldande tariff KontaktinformasjonReidunn Rogne Flem, Barnehagestyrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.no
ArbeidsstadØvstevegen 212
6293 Longva
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5162512060
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 12.10.2026
Søknadsfrist: 31.08.2026