
Eidet omsorgssenter avd 1, Haram kommune · Haram
Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med...
Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg.
Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar, avd. 1, 91004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no
Malin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avd. 2, 47516769, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5151450725
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 27.07.2026
Haram kommune søker etter to sjukepleiarar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg. Indre Haram heimeteneste har på natt eit tett samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver • Helsefaglege oppgåver. • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientane. • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper. • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling. • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar. • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande. Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar. • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling. • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. • Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg. • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. Personlege eigenskapar • I Haram kommune ønsker vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt. • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. • Godt humør og positiv framtoning. • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme. Vi tilbyr • Tverrfagleg samarbeid. • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver. • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på. • Gode turnustekniske løysingar. • Løn etter tariff. • Gode pensjons- og forsikringsordningar. Kontaktinformasjon Camilla Walderhaug Lundberg, Konstituert avdelingsleiar, HT, 47516769, camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no Malin Vatnehagen Stokke, Avdelingsleiar, avd. 2, 45500844, malin.vatnehagen.stokke@haram.kommune.no Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar, avd. 1, 91004986, Maria.Nordbo.Solevag@haram.kommune.no Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no Arbeidsstad Trolldalssletta 12 6264 Tennfjord Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5149373377 Stillingsprosent: 62,56% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 27.07.2026
Om stillinga og Nordhordland legevakt Vi har no ledig ein fast 23 % stilling på natt med arbeid kvar 3. helg ved Nordhordland legevakt. Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus. Arbeidsoppgåver • Mottak og triagering av pasientar • Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege • Prøvetaking og laboratoriearbeid Dokumentasjon i journalsystem ( Infodoc) Kvalifikasjonskrav • Autorisert sjukepleiar • Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke • Sjukepleiarstudent som er ferdig utdanna sommar 2027 kan vurderast til stillinga Kven er du? • Du har interesse og motivasjon for arbeid på legevakt • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team • Du trivst med høgt arbeidstempo og varierte oppgåver Vi tilbyr • Fagleg spennande og utfordrande oppgåver • Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen • Godt arbeidsmiljø Me er Alver Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet! Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltredelse • helse- og omsorgstenestelova § 5-4
Sjukepleiar - 80% fast Nattevakt - med rekrutteringstilskot Nattevaktene sør søkjer ny kollega - Arbeidsstad: Husnes/Halsnøy • Rekrutteringstilskot på kr. 50.000,- for deg som ikkje jobbar i kommunen frå før (2 års bindingstid) Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene sør i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt. På natt gir vi tenester til fleire einingar og brukargrupper. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta. Arbeidsoppgåver • Fagleg oppfølging av pasientar og brukarar • Bidra til tryggleik og kvalitet i tenestene gjennom natta • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper • Dokumentasjon og oppfølging av tiltak • Handtering av akutte og uforutsette situasjonar Kvalifikasjonar • Autorisasjon som sjukepleiar Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan anna relevant helsekompetanse bli vurdert. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: • er fagleg trygg og kan arbeide sjølvstendig • har gode samarbeidsevner • er løysingsorientert • bidreg til eit godt arbeidsmiljø • møter pasientar og pårørande med respekt og omsorg Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Vi tilbyr • 80 % fast stilling på natt • Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer • Eit godt fagmiljø med fokus på samarbeid og utvikling • Gode arbeidstilhøve • Løn etter gjeldande avtaleverk Gode ordningar i Kvinnherad kommune • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP • Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet • Gratis SFO • Søskenmoderasjon i barnehage • Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring Praktisk informasjon Tilsetjing snarast. Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd. Vil du bli vår nye kollega? Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg. Link til søknadsskjema: Søk her