Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, student innan relevant fagområde, eller ufaglært med interesse for helse- og omsorgsarbeid? Då kan du vere den vi leitar etter. Vi søkjer tilkallingsvikarar som også kan jobbe kvar tredje helg i heimetenesta. I tillegg til helgestillinga kan det også vere aktuelt med vakter på dag og kveld, måndag til søndag, for å dekke både akutt og planlagt fråvær i eininga. Vi ønskjer også at du har moglegheit til å jobbe i feriar og høgtider.
Vi ønskjer oss medarbeidarar med gode norskkunnskapar, som er trygge i rolla si og motivert for å gjere ein forskjell. Du må kunne ivareta brukarane våre på ein fagleg og omsorgsfull måte, og bidra til tenester av høg kvalitet. Gode samarbeidsevner, arbeidskapasitet, samt ei løysingsorientert og nytenkjande tilnærming er viktige eigenskapar. Heimebaserte tenester er ei døgnkontinuerleg teneste for personar som bur heime og har behov for nødvendig helsehjelp.
Arbeidsoppgåver
Du har gode datakunnskapar, og meistrar norsk både skriftleg og munnleg.
Kvalifikasjonar
Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta. Politiattest skal leggast fram før du tek til i jobben. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaar!
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
KontaktinformasjonSutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312
ArbeidsstadTeigevegen 55
6060 Hareid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Hareid kommune
Referansenr.: 5175551666
Stillingsprosent: 15%
Vikar
Søknadsfrist: 30.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Hareid