Kinn kommune søkjer ein praktisk, sjølvstendig og løysingsorientert driftsteknikar til fast
100 % stilling med arbeidsstad Måløy.
Som driftsteknikar vil du få ein variert arbeidskvardag med ansvar for drift og
vedlikehald av kommunale bygg i Måløy. Du vil samarbeide med andre
driftsteknikarar, kommunale tenester, brukarar av bygga, leigetakarar og
eksterne leverandørar.
Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå behov og prioriteringar. Vi ser derfor etter deg som trivst
med ein variert arbeidsdag, tek ansvar og kan arbeide sjølvstendig, samtidig
som du samarbeider godt med andre.
ArbeidsoppgåverDrift, tilsyn og vedlikehald av kommunale bygg
Utføre enklare reparasjonar og praktiske drifts- og vedlikehaldsoppgåver
Oppfølging av tekniske installasjonar og bygningsmessige forhold
Registrering og oppfølging av feil, manglar, avvik og arbeidsordre
Bestilling og oppfølging av eksterne handverkarar og leverandørar
Bidra til systematisk og førebyggjande vedlikehald
Oppgåver knytt til internkontroll, brannvern og HMS
Samarbeid med brukarar, leigetakarar og kommunale tenester
Andre oppgåver innan kommunal eigedomsdrift etter behov Kvalifikasjonar
Fast 100 % stilling
Ein variert arbeidskvardag innan drift og vedlikehald av kommunale bygg
Moglegheit til å arbeide med ein variert kommunal bygningsmasse
Eit godt fag- og arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
KontaktinformasjonGjermund Veka, Tenesteleiar Bustad, +47 90601142
ArbeidsstadGate 1 64
6700 Måløy
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5171511142
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Kinn