Brenn du for å skapa gode oppvekstvilkår for barn? Som barnehagelærar hos oss får du vera med på å utvikla eit trygt, inkluderande og læringsrikt miljø der kvart barn får høve til å veksa, meistra og trivast.
Ledige stillingar i Bjørketeigen og Sjydnahaugen barnehage
• 100 % barnehagelærar i Bjørketeigen barnehage - frå snarast.
• 100 % barnehagelærar i Sjydnahaugen barnehage - frå 01.11.26.
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/
Arbeidsoppgåver
- Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei tid og ro, samtalar og leik Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål Skapa ein god barnehagekvardag for alle Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar Rettleia, involvera og motivera Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar Delta i leiarteam ved behov Bidra til pedagogisk utvikling Tett samarbeid med spesialpedagog i barnehagen Kvalifikasjonar
- Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg Jf. barnehagelova må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse Visa endringsvilje og vera løysingsorientert Samarbeida godt med andre Me tilbyr
- Ved funksjon som pedagogisk leiar vert det gjeve eit årleg tillegg på kr. 40.000,- i full stilling (forhaldsmessig ved deltid)
Kvalifiserte rettleiarar står for rettleiing til nyutdanna dei to fyrste åra Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning Me arbeider for kjernetid for pedagogiske leiarar i alle barnehagar Godt og fagleg arbeidsmiljø Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Gode pensjons-/og forsikringsordningar Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonAnn-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904
Torunn Agnete Sørheim, Styrar Sjydnahaugen barnehage, 95026183
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755
ArbeidsstadVavollen 137
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5170285838
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 17.09.2026