Me søkjer ein engasjert miljøarbeidar til fast helgestilling med oppstart frå snarast/etter avtale. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Som miljøarbeidar vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.
Du får arbeida i den nyoppretta avdelinga i Avdeling rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.
Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Ei variert og meiningsfull deltidsstilling i nyoppretta avdeling
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonTove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898
ArbeidsstadRokabrekka 1
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5169201821
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Kvam