Ledig 60 % stilling i vikariat frå august 2026 - mars 2027. Stillinga inneber arbeid på dagtid, ikkje pleieoppgåver.
Ei av tenestene til Kvam heimeteneste er praktisk bistand til heimebuande, frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Me ynskjer å ha eigne medarbeidarar til å utføra praktiske oppgåver som reinhald i heimane og bistand i omsorgsbustadar med brukarretta reinhaldsoppgåver.
Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. Vil du vite meir om oss les: Kvam heimeteneste
Reinhald av private heimar etter vedtak, som støvsuging, golvvask, sengeskift, støvtørking og klevask.
Kvalifikasjonar
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonCharlotte Bjørge, Gruppeleiar Kvam heimeteneste, +47 48208990
ArbeidsstadNedre Norheim 44
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5164688102
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 24.08.2026
Sluttdato: 14.03.2027
Søknadsfrist: 01.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Kvam