Me treng deg som er sjukepleiar/vernepleiar
Me søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til ledig 80% fast stilling Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg eller med langvakter kvar 4. helg Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
Koordinering av pleieplanar Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid i eldreomsorg, vil dette bli vektlagd Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Du må kunne arbeida sjølvstendig Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet geriatri og demensomsorg
Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg Fleksibel og løysingsorientert Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Me tilbyr
- Ein arbeidstad i utvikling
Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
Gode pensjons- og forsikringsordningar Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonAnna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, +47 974 84 612
ArbeidsstadSkårdalsvegen 20
5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5164721627
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026