I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.
Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.
Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.
Nav Aurland og Lærdal har ledig 100 % vikariat som rettleiar frå 1. desember 2026 til 31. desember 2027 i samband med foreldrepermisjon. Det kan vere mogleg med forlenging av vikariatet, avhengig av kor lang permisjon den faste tilsette ønskjer å nytte.
Lærdal kommune er vertskommune for Nav-kontora i Aurland og Lærdal. Du vert formelt tilsett i Lærdal kommune, men arbeidsoppgåvene vert utførte i begge kommunane og du må rekne med å vere tilstade i både Aurland og Lærdal.
Nav Lærdal og Aurland har totalt 8 tilsette, inkludert flyktningtenesta og to statlege stillingar. Me er ein god miks av ulik fagkompetanse, fagområde, kjønn og perspektiv. Dette gjev oss eit spennande, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø der me spelar kvarandre gode.
Nav er i kontinuerleg utvikling både fagleg og organisatorisk. I løpet av 2027 er det planlagt etablering av eit regionalt vertskommunesamarbeid mellom Nav-kontora i Aurland, Lærdal, Årdal, Vik og Luster. Som vikar kan du difor verte ein del av ei spennande utviklingsreise og eventuelt bli omfatta av verksemdsoverdraging i tilsetjingsperioden.
Dagtidsarbeid, 37,5 t per veke
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Lærdal