Ønskjer du ein spennande og meiningsfull jobb innan rusbehandling i spesialisthelsetenesta? Då kan dette vere stillinga for deg!
Poliklinikk TSB Molde søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan psykisk helse og rus, eller relevant erfaring frå fagfeltet. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til eit viktig behandlingstilbod og vere med på å utvikle tenestene våre i Kristiansund.
Poliklinikk TSB Molde inngår i klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Seksjonen tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av rusavhengigheit. I poliklinikken arbeider vi med b.l.a. individuell behandling, gruppebehandling og dagbehandling. Tilbodet i poliklinikken gjeld også Legemiddelassistert Rehabilitering (LAR). For å styrkje tilbodet vårt på Nordmøre har vi etablert eit team i Kristiansund som ivaretek LAR-behandling. Teamet ligg under poliklinikken i Molde med arbeidsplass i Kristiansund.
Som vernepleiar/sjukepleiar vil du få sjølvstendig behandlingsansvar og ansvar for medikamenthandtering i teamet i Kristiansund.
Arbeidstid er p.t. dagtid 08.00 - 16.00
Bur du midt i mellom Molde og Kristiansund er det moglegheit for å jobbe begge stadar.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
KontaktinformasjonAnn Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar
Elisabet Kallset, Teamkoordinator, 90035212
ArbeidsstadStrandgata 1
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5154472668
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Molde