Vil du vere med og vidareutvikle ein liten kommune med store ambisjonar?
Nissedal kommune søkjer ein tydeleg og utviklingsorientert organisasjonssjef. Stillinga skal bidra til å styrke leiing, samordning og organisasjonsutvikling i kommunen.
Som organisasjonssjef vil du vere ein nøkkelperson i arbeidet med å utvikle gode strukturar, styrke leiarskap og sikre effektiv drift i ein organisasjon der kort veg frå idé til handling er eit stort fortrinn. Du rapporterer til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
Som organisasjonssjef vil du ha eit overordna ansvar for å styrke kommunen sine interne funksjonar og utvikle organisasjonen. Sentrale oppgåver vil vere:
støtte kommunedirektøren i heilskapleg leiing og strategisk utvikling ansvar for HR og organisasjons-og kompetanseutvikling vidareutvikle leiarskap og leiarstøtte i organisasjonen sikre gode system for internkontroll, kvalitet og etterleving av lovverk bidra til effektiv samordning på tvers av einingar delta i, og i periodar leie, utviklings- og omstillingsprosessar koordinere arbeid knytt til samarbeid, rapportering og sentrale styringsprosessar vere ein pådrivar for forbetring, digitalisering og gode arbeidsprosessar Kommunen si Fellesteneste med sju årsverk ligg under organisasjonssjefen
Organisasjonssjefen vil vere kommunen sin folkehelsekoordinator
Oppgåvene vil kunne utvikle seg i takt med kommunen sine behov.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
relevant høgare utdanning (minimum bachelor, gjerne master) erfaring frå leiing, organisasjonsarbeid eller offentleg forvaltning god forståing for offentleg regelverk og kommunal verksemd erfaring med HR, organisasjonsutvikling eller kvalitetsarbeid god munnleg og skriftleg framstillingsevne For kandidatar med særleg relevant erfaring kan delar av kvalifikasjonskrava fråvikast.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein trygg og relasjonssterk leiar som:
har god gjennomføringsevne og evne til å skape framdrift er strukturert og analytisk, men også løysingsorientert bygger gode relasjonar og skaper tillit i organisasjonen evnar å sjå heilskap og samanhengar er utviklingsorientert og trivst med endring og forbetringsarbeid kommuniserer tydeleg og involverande Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Hos oss får du ein sentral posisjon i utviklinga av Nissedal kommune.
Vi tilbyr:
ei strategisk rolle tett på kommunedirektøren store moglegheiter til å påverke organisasjon, leiing og retning eit handlingsrom der du raskt ser resultat av eige arbeid korte linjer, høg grad av tillit og tett samarbeid eit engasjert og kompetent arbeidsmiljø gode pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonSverre Sæter, Kommunedirektør, +47 35048402
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5164483849
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2026