Som gynekolog hos oss får du bruke fagkompetansen din der han trengs mest. Du vil bidra i tilsynssaker og vere med på å utvikle tilsyn som styrker tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.
I Statens helsetilsyn jobbar vi for at befolkninga skal få trygge og gode tenester når dei treng det. Vi fører tilsyn, gir råd og behandlar klager for å avdekke svikt, fremme læring og styrke tilliten til tenestene. Vi utviklar tilsynet i takt med samfunnet og utforskar korleis digitalisering og betre bruk av data kan gi meir treffsikre tilsyn. Derfor er vi også interessert i deg som har erfaring med å samanstille og analysere data.
Hos oss får du meiningsfulle oppgåver, stort fagleg ansvar og eit tverrfagleg miljø med kollegaer frå helsefag, jus og samfunnsvitskap. Du jobbar på tvers av organisasjonen og blir godt kjent med samfunnsoppdraget vårt. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for operativt tilsyn.
Vi gleder oss til å få deg med på laget.
Dette skal du gjere
Personlige eigenskapar vi legger vekt på
Er dette deg? Da håper vi at du søker!
I Helsetilsynet får du arbeide med eit viktig samfunnsoppdrag i ein fagleg sterk organisasjon. Arbeidet vårt skal bidra til at innbyggarane får enda betre tenester innan helse, omsorg, barnevern og sosial.
Les den nye strategien vår: Helsetilsynets og statsforvalternes felles strategi for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetjenestene 2025-2035
Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig
av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å
krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Som del av tilsettinga kan det bli gjort nødvendige bakgrunnssjekkar i samarbeid med ekstern leverandør. Aktuelle kandidatar vil i så fall få beskjed. Vi vil også kontrollere om du har gyldig autorisasjon og spesialisering i Helsepersonellregisteret.
Søkarlista er offentlege. Ber du om å bli unnateken og vi ikkje kan innvilge det, gir vi deg beskjed (offentlegloven § 25).
For å sikre ei meir effektiv og rettferdig vurdering av søknader, brukar vi kunstig intelligens (KI) som støtte i vår
rekrutteringsprosess. Dette innebere at søknadsdokumenta dine kan bli analysert av ei KI-basert løysning levert
av vår systemleverandør, Talentech. KI blir berre brukt som eit støtteverktøy – alle endelege vurderingar og
avgjerder blir tatt av menneske.
KontaktinformasjonIngerid Helene Herstad Nygaard, Avdelingsdirektør, 21 52 99 50
Mona Kaasa, Underdirektør, 21 52 99 47
Morten Venberget, Underdirektør, 21 52 98 58
ArbeidsstedMøllergata 24
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn
Referansenr.: 5160952520
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Oslo