Språkrådet har ledig ei fast stilling som jurist. Vi ser etter deg som har kunnskap om forvaltninga og forvaltningsjussen, oversikt over regelverket på språkfeltet og interesse for språklege rettar.
Som tilsett i denne stillinga får du hovudansvaret for å greie ut om rettar og plikter etter språklova. Du skal dessutan drive med sakshandsaming og gje råd om språklege rettar etter regelverket som er nemnt nedanfor, og svare på spørsmål både frå det offentlege og frå privatpersonar om språklege rettar.
Hovudoppgåvene i stillinga vil vere arbeid med
Anna relevant regelverk er
Den som blir tilsett, skal også kunne gje interne råd om offentleglova og forvaltningslova.
Det kan bli aktuelt å delta i forskriftsarbeid som Språkrådet blir involvert i.
Du må ha
Det er ein fordel om du har
Hos oss får du
Stillinga blir plassert som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjevar (stillingskode 1364) med årsløn frå 600 000 til 800 000 kroner i året, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn. Ein søkjar må normalt ha minst fem års relevant erfaring for å bli vurdert som seniorrådgjevar.
Språkrådet meiner at inkludering og mangfald i arbeidslivet gjer at vi kan utføre samfunnsoppdraget vårt på ein god måte. Derfor ønskjer vi medarbeidarar med variert kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).
Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møbel eller endring av rutinar og arbeidstid.
Vi oppmodar søkjarar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen blir anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.
Fyll ut CV-felta i portalen (sjølv om du legg ved ein ferdig utfylt CV), og legg ved relevante vitnemål (frå Vitnemålsportalen). Dersom du har teke utdanning i utlandet, må du leggje fram dokumentasjon frå NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentlege sjølv om søkjarane har bede om å ikkje bli førte opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
For å sikre ei grundig og rettferdig vurdering av kandidatane brukar vi den arbeidspsykologiske testen People Test Person (PTP) i rekrutteringsprosessen. Testen vil bli gjennomført av ein ekstern samarbeidspartnar og vil berre bli brukt på kandidatar som går vidare i prosessen.
Nærmare opplysningar om stillinga får du av avdelingsdirektør Marianne Aasgaard, tlf. 92 42 80 97.
KontaktinformasjonMarianne Aasgaard, Avdelingsdirektør, 92428097, marianne.aasgaard@sprakradet.no
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Språkrådet
Referansenr.: 5153966173
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Oslo