Sauda ungdomsskule er ein 8.-10. skule med ca 180 elevar. Skulens leiing består av rektor i 100% og avdelingsleiar i 100%.
Skulen er ein MOT-skule med visjonen «Saman for vår framtid.» Visjonen uttrykkjer ei tru på at den beste skulen skaper vi saman med elevar, føresette og tilsette.
Skulane i Sauda skal stå fram som lærande organisasjonar der fagleg utvikling gjennom kollektiv kompetanseutvikling står sentralt. Nynorsk er hovudmål.
Rektor er organisert under kommunalsjef for oppvekst. Rektor er einingsleiar og har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og tilsette, og går inn i eit leiarnettverk med rektorar frå dei andre skulane i kommunen og i interkommunalt samarbeid.
Sauda kommune ser etter deg som kan og vil vera og gjera ein skilnad for barn og unge. Du har evne til nytenking, er initiativrik og har god gjennomføringsevne.
Ansvar- og arbeidsoppgåver
Kvalifikasjoner
Me søkjer deg som
Personlege dugleikar vil bli vektlagt.
Me kan tilby
Den som vert tilsett, vil vera underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lover, forskrifter og avtalar for Sauda kommune. Ved tilsetjing vil vi krevje godkjent politiattest. Det vert inngått eigen leiaravtale.
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 00.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dersom du oppgir grunngjeving for å bli unnateken frå offentleg innsyn i søknaden din, og oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli informert, jf. offentleglova § 25.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sauda