Som medarbeidar innan informasjonssikkerheit vil du jobbe tett med Chief Information Security Officer (CISO) og vere ein sentral ressurs i det operative arbeidet med styring, risiko og etterlevelse innan informasjonssikkerheit i Vestland fylkeskommune. Du vil arbeide på tvers av sektorar og fagmiljø og bidra til at informasjonssikkerheit vert ein naturleg del av virksomheitsstyring, anskaffingar, prosjektarbeid og dagleg drift og utvikling.
Rolla er ikkje primært teknisk, men du må vere interessert i teknologi og kunne forstå tekniske problemstillingar godt nok til å vurdere risiko og samarbeide med tekniske fagmiljø.
Arbeidsoppgåvene vil utvikle seg i takt med kompetansen din, organisasjonen sitt behov, risikobiletet og endringar i teknologi og regelverk.
Vi ser etter deg som har relevant høgare utdanning, til dømes innan informasjonstryggleik, risikostyring, samfunnstryggleik, IKT eller juss.
Relevant erfaring eller annan dokumentert kompetanse kan kompensere for manglande formell utdanning.
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har eit godt fagleg grunnlag, interesse for informasjonstryggleik og motivasjon for å utvikle deg vidare.
Det er ein fordel om du har kjennskap til risiko- og sårbarheitsvurderingar, styringssystem for informasjonstryggleik eller relevante standardar som ISO/IEC 27001. Erfaring frå offentleg forvalting eller større organisasjonar er også positivt, men ikkje eit krav.
Det er positivt om du har relevante sertifiseringar innan informasjonstryggleik. Døme på relevante sertifiseringar:
Lista er ikkje uttømmande, og sertifisering er ikkje eit krav.
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og utviklingspotensial.
Vi ser etter ein person med eit godt fagleg grunnlag, godt skjønn, nysgjerrigheit og motivasjon til å utvikle seg vidare i rolla.
Du vil få tett fagleg oppfølging og arbeide nært med CISO, samstundes som du gradvis får meir sjølvstendig ansvar for oppgåver ute i organisasjonen.
Ein viktig del av rolla er å hjelpe linja med å forstå og handtere sin eigen risiko. Du skal derfor støtte, rettleie og utfordre organisasjonen, utan å overta eigarskapet til risikoen.
Kontorstad Vestlandshuset i Bergen eller fylkeshuset på Leikanger.
Leikanger ligg i Sogndal kommune, som er omfatta av den nye ordninga for sletting av kr. 25.000 av studielånet pr. år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår.
KontaktinformasjonAnthony Khoa Le, CISO, +47 91247427
Svein Helge Steinsåker, seksjonsleiar, +47 90895078
ArbeidsstadAskedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5170981212
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sogndal