Har du lyst å prøve noko anna eller kombinere med noverande jobb?
Kjøkkenet ved Sogndal helse- og omsorgssenter produserer dagleg mat til ca. 120 bebuarar ved institusjon. I tillegg leverer kjøkkenet middagar til heimebuande. Ein dag i veka leverer ein varmmat til SFO ved barneskulen i Sogndal. Me driv etter kok-/serverprinsippet. Kjøkkenet har også ansvaret for kantinedrift 2 dagar i veka og lagar møtemat på bestilling. Me har for tida avtale med Frivilligsentralen som køyrer mat til heimebuande.
Det er 8 faste tilsette ved kjøkkenet i dag i tillegg til lærlingar, elevar og praksiskandidatar.
Å jobbe ved kjøkkenet er både lærerikt og utviklande. Me set fokus på å tilrettelegge for både matkulturar og tilpassa ernæringsbehov. Me søkjer difor etter deg som er engasjert, motivert og serviceinnstilt.
Arbeidstida er for tida på dagtid (vakter mellom kl. 07-17.00). Du må pårekne å jobbe fram til kl.18.00 enkelte vakter. Det kan også vere høve til å ta ekstravakter.
Kontaktperson for stillinga er kjøkkenleiar Ann Elisbeth Skjerven, tlf: 91344415, e-post: ann.elisbeth.skjerven@sogndal.kommune.no.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sogndal