Som tilsett i IKT systemdrift blir du ein viktig fagressurs innan Microsoft 365 og brukarsikkerheit. Du vil arbeide både operativt og strategisk, og få stor moglegheit til å påverke korleis vi utviklar tenestene våre.
Du får dermed ein variert arbeidskvardag der du kan gå frå førebyggjande sikkerheitsarbeid og teknisk utvikling til å handtere konkrete sikkerheitshendingar når dei oppstår. Du vil også få ei viktig rolle i vidareutviklinga av M365-plattforma og i arbeidet med å finne gode, sikre og framtidsretta løysingar for organisasjonen.
Vi ser etter deg som har solid erfaring og kan vere ein trygg fagperson i eit stort og komplekst driftsmiljø.
Vi forventar ikkje nødvendigvis at du kan alt. Det viktigaste er at du har solid kompetanse innan Microsoft 365 og sikkerheit, og at du er nysgjerrig på ny teknologi og ønskjer å utvikle deg vidare.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Vi har eit stort driftsmiljø med mange brukarar, og det krev både fagleg tryggleik, sjølvstende og struktur. Samtidig er du aldri åleine.
Du vil arbeide tett med dyktige kollegaer innan drift, sikkerheit og andre fagområde, og vi ønskjer ein kultur der det er låg terskel for å spørje, dele og utfordre kvarandre.
Vi tek arbeidet vårt på alvor, men ikkje oss sjølve for høgtideleg. For oss er humor, godt humør og det å ha det kjekt på jobb ein viktig del av kvardagen.
Vi ønskjer at medarbeidarane våre skal utvikle seg i jobben. Derfor legg vi til rette for intern opplæring, kurs, seminar og kunnskapsdeling på tvers av fagmiljøa.
Seksjonen har høg trivsel, og vi legg vekt på at vi skal ha det godt saman også utanfor dei daglege arbeidsoppgåvene. Vi har mellom anna ein eigen Teams-kanal der medarbeidarane kan ta initiativ til sosiale aktivitetar som padeltennis, fjellturar, dart og spelekveldar.
Vi møtest også til årlege samlingar for heile seksjonen, i tillegg til eigne samlingar i faggruppene.
Vil du vere med på laget og bidra til at Vestland fylkeskommune har trygge, moderne og velfungerande digitale tenester – i dag og i framtida? Då gler vi oss til å høyre frå deg!
KontaktinformasjonØyvind Daae Johansen, leiar, 91730197
ArbeidsstadLars Hilles gate 22
5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5172523053
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sogndal