Koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn
Om Nav region Sogn
Nav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Marknadsteamet arbeider på tvers av kommunane og skal bidra til at Nav er ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar for arbeidsgivarar i regionen. Gjennom målretta rekrutteringsarbeid, inkludering og tett samarbeid med næringslivet skal marknadsteamet bidra til at fleire kjem i arbeid og at arbeidsgivarane får tilgang til kompetansen dei treng.
Vil du vere med å skape fleire moglegheiter i arbeidslivet?
Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. For å lukkast med dette er vi avhengige av tett samarbeid med arbeidsgivarar og god kunnskap om arbeidsmarknaden. Vi søkjer no ein engasjert og relasjonssterk medarbeidar til fast 100% stilling som koordinator for Marknadsteamet i Nav region Sogn. Stillinga vil ha ei sentral rolle i arbeidet med å rekruttere, inkludere og samarbeide med arbeidsgivarar i regionen. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026 og arbeidsstad er Nav Sogndal.
Kva går jobben ut på?
- koordinere og vidareutvikle marknadsarbeidet i Nav region Sogn i tråd med nasjonale satsingar innan arbeidsinkludering
byggje og vidareutvikle relasjonar til arbeidsgivarar og næringsliv i regionen, samt kartleggje arbeidsgivarane sine kompetanse- og rekrutteringsbehov planlegge og gjennomføre minijobbmesser, WorkOp, informasjonsmøte og andre rekrutteringsaktivitetar samarbeide tett med leiarar, rådgjevarar og regionale fagteam i Nav region Sogn vere kontaktperson mot bedrifter ved permittering, nedbemanning og omstilling delta i fylkesvise og nasjonale marknadsnettverk og samarbeide med kommunar, fylkeskommunen, opplæring- /utdanningsmiljø og andre samarbeidspartar Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
fullført relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. erfaring frå arbeid med arbeidsgivarar, rekruttering eller arbeidsmarknadsarbeid god forståing for arbeidsmarknaden og arbeidsgivarane sine behov gode digitale ferdigheiter god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk Det er ein fordel om du har
erfaring med relasjonsbygging og nettverksarbeid erfaring frå prosjekt- eller utviklingsarbeid kjennskap til næringslivet i Sogn Kven er du?
- byggjer tillit og gode relasjonar med arbeidsgivarar, samarbeidspartnarar og kollegaer
tek initiativ og er ein pådrivar for utvikling og nye moglegheiter deler kompetanse, inspirerer og motiverer kollegaer til å styrkje det arbeidsgivarretta arbeidet får med deg andre gjennom samarbeid, involvering og gode relasjonar Kvifor velje oss?
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer relevant opplæring og gode høve til utvikling fleksitidsordning med mogelegheit for hybrid arbeidskvardag og trening i arbeidstida løn i stillingskode 1364 seniorrådgivar frå kr 694.000 - 729.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast god pensjonsordning gjennom Statens Pensjonskasse KontaktinformasjonJonas Grotle Førde, Nav-leiar Vik, 97614679, jonas.grotle.forde@nav.no
Rigmor Wathne, Avd. leiar Tenester til arbeidsgivarr, 47286676, rigmor.wathne@nav.no
ArbeidsstedSognefjordvegen 56
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5172555856
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.09.2026