Vil du vere med å vidareutvikle psykisk helse og rustenesta i Sogndal kommune? Psykisk helse og rus gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og-/eller rusmiddelbruk, samt funksjonsnedsetjing.
Som ein del av tenesta skal du bidra til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sogndal kommune i form av oppfylging, behandling og førebygging. Dette inneber og å bidra til vidareutvikling av tenesta i tråd med nasjonale føringar.
Avdelinga på Leikanger er bemanna på dag, kveld og natt og har turnus med langvakter, døgnvakter og nattevakter.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling med døgnvakt som vernepleiar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Leikanger. Det er lagt opp pr i dag til arbeid i turnus 2-7-2-7-3-7, med vakter 4. kvar helg. Turnus kan bli endra.
Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta generelt sett.
Me oppmodar menn til å søkje.
. Planlegge og gjennomføre rehabiliterande og målretta miljøterapeutiske tiltak
. Koordinatoransvar/ primærkontaktrolle
. Autorisert vernepleiar
. Erfaring frå turnusarbeid og døgnvakter vil vere ein fordel
Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.
Kommunen vår er omfatta av den nasjonale distriktsordninga til Lånekassen, som betyr at du kan få sletta inntil 25 000 kr av studielånet ditt kvart år ved å bu og jobbe i kommunen vår.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Sogndal