Stad kommune står framfor ei tid med stor aktivitet og spennande samfunnsutvikling. Realiseringa av Stad skipstunnel, verdas første fullskala skipstunnel, vil skape nye moglegheiter for næringsliv, busetjing og utvikling i heile kommunen. Byggjestart er planlagd tidleg i 2027.
No søkjer vi ein engasjert og løysingsorientert arealplanleggjar i 100 % stilling som vil vere med og leggje premissane for ei berekraftig og heilskapleg utvikling av kommunen. Hos oss får du arbeide med varierte og samfunnsviktige planoppgåver, frå overordna arealplanlegging til detaljregulering og konkrete utviklingsprosjekt.
Stillinga gir deg høve til å påverke korleis Stad skal utvikle seg i møte med nye investeringar, auka aktivitet og endra behov. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som arbeider for å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom utvikling, vern, klima, næringsliv og innbyggjarane sine behov.
Som tilsett i Stad kommune vil du få høve til å delta i utforminga av Stad kommune og ta pulsen på lokalsamfunna i Stad. Stillinga byr på utfordrande arbeidsoppgåver og krev god planfagleg kompetanse. Arbeidet medfører stort ansvar og er prega av tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne aktørar. Du får i denne jobben gje råd, behandle saker og utforme planar etter plan- og bygningslova.
Eininga plan og forvaltning inngår i kommunalområdet Kultur og samfunn. Eininga har ti tilsette. Tilsette i eininga arbeider mellom anna med plan-, og byggjesaker, oppmåling, ajourhald av kommunen sitt kartverk, landbruk og miljøsaker.
Stillinga har kontorstad på Nordfjordeid, men om ynskjeleg er det også mogleg å ha kontorstad på kommunehust i Selje nokre dagar i veka.
Som arealplanleggjar vil du mellom anna arbeide med
Arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett.
Vi tilbyr
Stad kommune har seks månader prøvetid. Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentleg sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp saman med søknaden. Vi ber om at søkjar fører opp referansar.
KontaktinformasjonSvein Arne Fure, Einingsleiar plan og forvaltning, 90209234, svein.fure@stad.kommune.no
ArbeidsstadRådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5162390216
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.09.2026
Se alla lediga jobb, rekryteringshistorik & bolagsfakta, eller bevaka nya tjänster.
Fler lediga tjänster som liknar denna i och runt Stad